Eit lite sladrebilde...
Trofaste blogglesera har fått med seg at vi hadde ubehandla lister. No når hytta er nesten ferdig fikk vi eit lite plass problem for å få mala ferdig dei resterande listene. Særlig dør/vindu listene, med sine mange strøk, pussing og rot (haustvær ute og ferdig vaska inne), føltes utrulig mykje styr å skulle ta til med.
Mulig det er litt "juks", men av enkelheitsgrunnar enda vi opp på Coop bygg og kjøpte med oss ferdigmalte lister.. ;) Får trøste meg med at dei var på tilbod. Under 19kr per meter er igrunn utrulig lite når eg tenker på all tid eg hadde brukt på jobben!
Ny sag er kjøpt inn og vi er no klar til liste innsats :)
God helg til alle! :)